Du er her: Startside  »  Kraftprisar  »  Straummarknaden
Kraftpris - generelle opplysningar

Daglig leder har ordet! - november 2011

Daglig leder har ordet! - desember 2010 

Henvisning til linker i "Daglig leder har ordet":
Historisk spot 1996 -2010 (november)
Sonesystem - forklaring til markedssoner


Generelt:
Frå 1992 tok ny Energilov til å gjelde. Frå då av måtte ein skilje kraft og overføring - der sal av kraft vart konkurranseutsett og drift av overføringsnett vart monopol-regulert (ein ynskte ikkje fleire sett med kraftledningar eller kabler rundt om i landet). I grove trekk førde dette til lågare kraftpris (truleg fordi det vart produsert meir kraft enn ein nytta på denne tida - og dette vart meir synleg). I tillegg hadde det til ein viss grad vore overinvestering i overføringsnettet.


Konsesjonskraft og andelskraft - Hemsedal

Det er gjort fleire store naturinngrep i Hemsedalsnaturen for at ein skal kunne produsere kraft. Hemsedals-samfunnet har fått att noko for desse inngrepa i form av konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og andelskraft. Konsesjonskraften var meint å gi innbyggarane i konsesjonskommunane tilgang på rimeleg kraft (ein må tenke attende i historien - til ei tid der ein bygde landet og elektrisk energi ikkje var ei selvfølge).

Hemsedal Energi KF har tilgang på noko ”rimeleg” kraft som følgje av dei store
kraftutbyggingane som er gjort i Hallingdal.

Dette består av konsesjonskraft (om lag 34 GWh) og andelskraft (om lag 16 - 23 GWh).


Marknadskraft

illustrasjonsbilde2.jpgDet manglande forbruket av kraft i Hemsedal (utanom det som
andre leverandørar sel) må Hemsedal Energi KF kjøpe på den
opne marknaden. Ein kan velge å kjøpe til faste prisar – eller til
marknadspris.

Tidlegare var det ikkje spesielt store avvik mellom prisen på
marknadskraft og konsesjonskraft/ andelskraft. Hausten 2002
auka prisen dramatisk på  marknadskraften og Hemsedal
Energi KF greidde ikkje å justere prisane fort nok.  Vi tapte
 mykje pengar kvar dag. Mange hugsar med skrekk
straumprisane og konsekvensane i 2002/2003.

Styret gjorde då beslutning om at hytter og fritidsbustader
fekk tilbod om marknadspris påslag (sal til hytter og
fritidsbustader utgjorde om lag den kraftmengden som vi
måtte kjøpe inn på den opne marknaden).

I tida etter 2003 har det vore ei sterk auke i kraftforbruket til liten industri. Årsaken til dette
er m.a. at ein del hytter og fritidsbustader av staten har vorte rekna som industri
(redusert forbruksavgift til industri) og dermed også hjå Hemsedal Energi KF.

Kraftprisen endrar seg også svært mykje og den er ikkje særleg forutsigbar. Fram til 2009 har Hemsedal Energi KF tatt risikoen med å kjøpe inn kraft for alle kundane. Noko av forbruket har vore til ein rimeleg og forutsigbar pris, medan noko av forbruket til våre prioriterte kundar har Hemsedal Energi KF kjøpt inn med ein viss risiko og fordelt evt. gevinstar eller tap på alle kundane. Nedanfor kan du sjå på korleis dette har slått ut for deg som kunde.

Nokre oversyn om kva du som hushaldningskunde har betalt for krafta i perioden 2003 - 2008.

 

Framandleverandørar

Du kan fritt handle kraft frå andre. Nedanfor er syn til ei liste over framandleverandørar i Hemsedal pr. juni 2010. Ver på vakt overfor leverandørar som ynskjer betaling på forskot. Ver også klar over at kraftprisen på sumaren normalt vil vere lågare enn på vinteren, samtidig som forbruket ditt normalt er lågt.

Liste over framandleverandørar i Hemsedal pr. juni 2010:

 

Spotpris
For å få ein oversikt over prisane på spot - følg linken og velg pris i norsk valuta. Hugs at til dette beløpet blir lagt til 2 øre/kWh og mva.

www.nordpool.com/system/flags/elspot/area/norway/

 
Opprinningsgaranti - GRØNN kraft
Europa og Norge har et system med opprinnelsesgarantier

som gjør at vi som forbrukere kan velge å

benytte fornybar energi ved at pengestrømmen styres

til de riktige produsentene. Hvis vi ikke reserverer strøm

fra fornybare kilder, risikerer vi å få en uspesifisert miks

hvor det i 2009 var en andel på 54 % fornybar energi.

 

Betalingen for den opprinnelsesmerkede strømmen

går tilbake til kraftprodusenter som kun har fornybare

kraftverk i sin portefølje. Dette er med på å sikre at

pengene blir reinvestert i utvikling av flere fornybare

energiprosjekter, enten det er vann, vind, sol, bølger eller tidevann.

Hemsedal Energi KF har ikkje slike produkt - vi reknar enkelt
at all kraft som vi nyttar er kraft produsert frå vasskraft (ein kan 
ikkje vite kva slags straum ein nyttar).

For meir informasjon - sjå
http://www.ecohz.com/clean-power-switch

 

 

Hemsedal Energi KF - 3560 Hemsedal - Tel: 31 40 88 88 - Fax: 32 06 04 07 - post@hemsedal-energi.no    Admin