Generelt
Hemsedal Energi KF er eit kommunalt føretak – eigd 100% av Hemsedal kommune. Inntil 1992 var Hemsedal Energi og Hemsedal Elektro eit selskap, men etter innføringa av Energiloven vart selskapa delt og er i dag to kommunale føretak som driv for seg sjølv.
Me held til like ved kommunehuset i Hemsedal.
Velkomen inn for ein prat om energi!

Historikk
Hemsedal Energi KF har ei lang historie som Hemsedal kommune sitt eige energiselskap og allereie i 1936 vart dåverande Hemsedal Kommunale Elektrisitetsforsyning stifta.
Den fyrste elektrifiseringa av Hemsedal skjedde likevel så langt attende som i åra etter 1910, då private interesser satte i gong utbyggig av kraftverk i Trøimsåne og Ulsåkfossen. I åra fram til 1936 hadde det likevel skjedd mykje som fekk stor betydning for Hemsedal kommune.
Rundt 1920 kjøpte dåverande Aker kommune opp mesteparten av fall-rettane i Hemsilvassdraget. Disse planane vart ikkje realisert før i slutten av 1950-åra.
I 1935 vart Aal Kraftverk utvida. Kommunane Nes, Gol, Hemsedal og seinare Flå inngjekk avtale om kjøp av kraft frå Aal Kraftverk. Husstandane i hovuddalfører samt Lio fekk med dette realisert draumen om elektrisk kraft i 1937 ved at det vart bygga ei overføringsline frå Gol til Hemsedal.
Deretter skjedde utbygginga ganske raskt i resten av Hemsedal. I 1942 vart det bygga høgspent avgreiningsline frå Aalrust til Hjelmen. Lykkja fikk straum i 1952, m.a. ved såkalla gratiskraft i samband med utbygginga av Åbjøra Kraftverk. I 1976 overtok Hemsedal den delen av Tisleidalens anlegg som låg innafor Hemsedal kommune. Grøndalen og husstandane ved Eikrevegen fikk straum i 1952.
Utviklinga i perioden etterpå har gått fort. Det er lagt til rette for store utbyggingar både i bustad-felt og i hytte-felt og det er pr. 2006 over 620 km. med høgspent og lågspent liner og kablar i forsyningsområdet. For å illustrere utviklinga kan me ta med at det i 1966 vart nytta i underkant av 10 GWh, i 1976 var tilsvarande årsforbruk komme opp i 20 GWh, i 1986 var forbruket i underkant av 50 GWh og i 2006 var forbruket noko over 82 GWh. Dette forteller oss om ei rivande utvikling – både når det gjeld Hemsedal som kommune og Hemsedal som forsyningsområde. Tilsvarande utvikling ser me også på linjenettet, som i 1976 var på om lag 169 km., 310 km. i 1986 og som nevnt over 920 km. i 2006.
Tenester og utstyr til leige