Generelt:
Frå 1992 tok ny Energilov til å gjelde. Frå då av måtte ein skilje kraft og overføring – der sal av kraft vart konkurranseutsett og drift av overføringsnett vart monopol-regulert (ein ynskte ikkje fleire sett med kraftledningar eller kabler rundt om i landet). I grove trekk førte dette til lågare kraftpris (truleg fordi det vart produsert meir kraft enn ein nytta på denne tida – og dette vart meir synleg). I tillegg hadde det til ein viss grad vore overinvestering i overføringsnettet.

Konsesjonskraft og andelskraft – Hemsedal
Det er gjort fleire store naturinngrep i Hemsedalsnaturen for at ein skal kunne produsere kraft. Hemsedals-samfunnet har fått att noko for desse inngrepa i form av konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og andelskraft. Konsesjonskraften var meint å gi innbyggarane i konsesjonskommunane tilgang på rimeleg kraft (ein må tenke attende i historia – til ei tid der ein bygde landet og elektrisk energi ikkje var sjølvsagt).

Hemsedal Energi KF har tilgang på noko ”rimeleg” kraft som følgje av dei store kraftutbyggingane som er gjort i Hallingdal.

Dette består av konsesjonskraft (om lag 34 GWh) og andelskraft (om lag 16 – 23 GWh).

Marknadskraftskogsh-081005-3 1200
Det manglande forbruket av kraft i Hemsedal (utanom det som andre leverandørar sel) må Hemsedal Energi KF kjøpe på den opne marknaden. Ein kan velge å kjøpe til faste prisar – eller til marknadspris.

Tidlegare var det ikkje spesielt store avvik mellom prisen på marknadskraft og konsesjonskraft/ andelskraft. Hausten 2002 auka prisen dramatisk på  marknadskraften og Hemsedal Energi KF greidde ikkje å justere prisane fort nok.  Vi tapte mykje pengar kvar dag. Mange hugsar med skrekk straumprisane og konsekvensane i 2002/2003.

Styret gjorde då beslutning om at hytter og fritidsbustader fekk tilbod om marknadspris påslag (sal til hytter og fritidsbustader utgjorde om lag den kraftmengden som vi måtte kjøpe inn på den opne marknaden).

I tida etter 2003 har det vore ei sterk auke i kraftforbruket til liten industri. Årsaken til dette er m.a. at ein del hytter og fritidsbustader av staten har vorte rekna som industri (redusert forbruksavgift til industri) og dermed også hjå Hemsedal Energi KF.

Kraftprisen endrar seg også svært mykje og den er ikkje særleg forutsigbar. Fram til 2009 har Hemsedal Energi KF tatt risikoen med å kjøpe inn kraft for alle kundane. Noko av forbruket har vore til ein rimeleg og forutsigbar pris, medan noko av forbruket til våre prioriterte kundar har Hemsedal Energi KF kjøpt inn med ein viss risiko og fordelt evt. gevinstar eller tap på alle kundane.

 

Framandleverandørar
Du kan fritt handle kraft frå andre. Nedanfor er syn til ei liste over framandleverandørar i Hemsedal pr. juni 2016. Ver på vakt overfor leverandørar som ynskjer betaling på forskot. Ver også klar over at kraftprisen på sommaren normalt vil vera lågare enn på vinteren, samtidig som forbruket ditt normalt er lågt.

Liste over kraftleverandørar i Hemsedal pr. juni 2016:

 

Spotpris
For å få ein oversikt over prisane på spot – følg linken og velg pris i norsk valuta. Hugs at til dette beløpet er ekskl. mva.

http://www.npspot.com/Market-data1/Elspot/Area-Prices/ALL1/Hourly/
Opprinningsgaranti – GRØNN kraft
Europa og Norge har et system med opprinnelsesgarantier som gjer at vi som forbrukarar kan velge å benytte fornybar energi ved at pengestraumen vert styrt til dei rette produsentene. Hvis vi ikkje reserverer straum fra fornybare kilder, risikerer vi å få ein uspesifisert miks. I 2009 var en andel på 54 % fornybar energi.

Betalingen for den opprinnelsesmerka straumen går tilbake til kraftprodusentar som kun har fornybare kraftverk i sin portefølje. Dette er med på å sikre at pengane blir reinvestert i utvikling av fleire fornybare energiprosjekt, enten det er vatn, vind, sol, bølgjer eller tidevatn.

Hemsedal Energi KF har ikkje opprinnelsesgaranti i sin portefølje.