Hemsedal Energi KF har i samarbeid med Hallingdal Kraftnett AS strukke fiberkabel frå Tuv til Gol.

Denne fiberkabelen er i 2007 bygd ut mot Grøndalen og Lærdal i samarbeid med Statnett AS og ECO-Vannkraft AS. Dette gjev oss ringforbindelse og sikrare overføring av data dersom uhellet skulle vera ute.

Vi har bygd ut fiber i fleire boligområder i Hemsedal. Bl.a. Trøim sentrum , Trøim Sør , Skogajorde og Svøo boligfelt. I tillegg er det bygd ut i enkelte hytteområder og ellers litt spredt i Hemsedal.

Tenestene blir levert av Bruse AS.

Bruse AS vart stifta 01.01.2017. Dei kjøpte kundene til Hallingdal Breiband AS.

Bruse AS er eigd av Hallingdal Kraftnett AS (60%) , Hemsedal Energi KF (15%) og Ustekveikja Energi AS (25%)

Dersom du lurer på noko eller har spørsmål verd. utbygging av fiber ta kontakt på tlf. 31 40 88 88 eller e post: post@hemsedal-energi.no 

Kan også ta kontakt direkte til Bruse AS på e post: post@bruse.no