Om Hemsedal Energi

Hemsedal Energi er eigd 100% av Hemsedal kommune.

I juni 2019 var selskapet endra fra KF (kommunalt foretak) til AS (aksjeselskap). 

I 2020 vart selskapet omdanna til konsern med eit morselskap (Hemsedal Energi Holding AS) og to datterselskap (Hemsil Nett AS og Hemsedal Energi Marked AS). Dette på grunn av krav om selskapsmessig skille mellom nettdrift og anna verksemd.

Me held til like ved kommunehuset i Hemsedal sentrum.

Velkomen innom for ein prat om energi!

Historikk

Hemsedal Energi  har ei lang historie som Hemsedal kommune sitt eige energiselskap og allereie i 1936 vart dåverande Hemsedal Kommunale Elektrisitetsforsyning stifta.

Den fyrste elektrifiseringa av Hemsedal skjedde likevel så langt attende som i åra etter 1910, då private interesser satte i gang utbygging av kraftverk i Trøimsåne og Ulsåkfossen. I åra fram til 1936 hadde det likevel skjedd mykje som fekk stor betydning for Hemsedal kommune.

Rundt 1920 kjøpte dåverande Aker kommune opp mesteparten av fall-rettane i Hemsilvassdraget. Disse planane vart ikkje realisert før i slutten av 1950-åra.

I 1935 vart Aal Kraftverk utvida. Kommunane Nes, Gol, Hemsedal og seinare Flå inngjekk avtale om kjøp av kraft frå Aal Kraftverk. Husstandane i hovuddalfører samt Lio fekk med dette realisert draumen om elektrisk kraft i 1937 ved at det vart bygd ei overføringsline frå Gol til Hemsedal.

Deretter skjedde utbygginga ganske raskt i resten av Hemsedal. I 1942 vart det bygd høgspent avgreiningsline frå Aalrust til Hjelmen. Lykkja fekk straum i 1952, m.a. ved såkalla gratiskraft i samband med utbygginga av Åbjøra Kraftverk. I 1976 overtok Hemsedal den delen av Tisleidalens anlegg som låg innafor Hemsedal kommune. Grøndalen og husstandane ved Eikrevegen fekk straum i 1952.

Utviklinga i perioden etterpå har gått fort. Det er lagt til rette for store utbyggingar både i bustadfelt og i hyttefelt og det er pr. 2022 4737 kunder i nettet. Det er ein auke på ca. 700 kunder dei siste 10 åra. For å illustrere utviklinga kan me ta med at det i 1966 vart nytta i underkant av 10 GWh, i 1976 var tilsvarande årsforbruk komme opp i 20 GWh, i 1986 var forbruket i underkant av 50 GWh og i 2022 var forbruket 101 GWh. Dette fortel oss om ei rivande utvikling – både når det gjeld Hemsedal som kommune og Hemsedal som forsyningsområde. Tilsvarande utvikling ser me også på nettet, som i 1976 var på om lag 169 km, i 1986 var det 310 km og i 2022 er det 820 km med høgspent og lågspent liner og kabler i forsyningsområdet.