Hemsedal Energi KF er eit kommunalt føretak – eigd 100% av Hemsedal kommune.
Me held til like ved kommunehuset i Hemsedal sentrum.

Velkomen innom for ein prat om energi!

Historikk

Hemsedal Energi KF har ei lang historie som Hemsedal kommune sitt eige energiselskap og allereie i 1936 vart dåverande Hemsedal Kommunale Elektrisitetsforsyning stifta.

Den fyrste elektrifiseringa av Hemsedal skjedde likevel så langt attende som i åra etter 1910, då private interesser satte i gang utbygging av kraftverk i Trøimsåne og Ulsåkfossen. I åra fram til 1936 hadde det likevel skjedd mykje som fekk stor betydning for Hemsedal kommune.

Rundt 1920 kjøpte dåverande Aker kommune opp mesteparten av fall-rettane i Hemsilvassdraget. Disse planane vart ikkje realisert før i slutten av 1950-åra.

I 1935 vart Aal Kraftverk utvida. Kommunane Nes, Gol, Hemsedal og seinare Flå inngjekk avtale om kjøp av kraft frå Aal Kraftverk. Husstandane i hovuddalfører samt Lio fekk med dette realisert draumen om elektrisk kraft i 1937 ved at det vart bygd ei overføringsline frå Gol til Hemsedal.

Deretter skjedde utbygginga ganske raskt i resten av Hemsedal. I 1942 vart det bygd høgspent avgreiningsline frå Aalrust til Hjelmen. Lykkja fekk straum i 1952, m.a. ved såkalla gratiskraft i samband med utbygginga av Åbjøra Kraftverk. I 1976 overtok Hemsedal den delen av Tisleidalens anlegg som låg innafor Hemsedal kommune. Grøndalen og husstandane ved Eikrevegen fekk straum i 1952.

Utviklinga i perioden etterpå har gått fort. Det er lagt til rette for store utbyggingar både i bustadfelt og i hyttefelt og det er pr. 2015  3860 kunder i nettet. Det er ein auke på ca. 700 kunder dei siste 10 åra. For å illustrere utviklinga kan me ta med at det i 1966 vart nytta i underkant av 10 GWh, i 1976 var tilsvarande årsforbruk komme opp i 20 GWh, i 1986 var forbruket i underkant av 50 GWh og i 2015 var forbruket ca. 95 GWh. Dette fortel oss om ei rivande utvikling – både når det gjeld Hemsedal som kommune og Hemsedal som forsyningsområde. Tilsvarande utvikling ser me også på nettet, som i 1976 var på om lag 169 km, i 1986 var det 310 km og i 2015 er det 725 km med høgspent og lågspent liner og kabler i forsyningsområdet.