Hemsedal Energi Marked AS har overført kundene til Wattn AS

Styret for selskapet gjorde eit vedtak hausten 2024 om å inngå forhandlingar med Wattn AS om overtakelse av kundeporteføljen. I desember 2024 vedtok kommunestyret i Hemsedal at kundeporteføljen skulle seljast til straumselskapet Wattn AS.

Smidig overgang for kundene.

Straumavtalene vil bli vidareført til Wattn, og du som kunde treng ikkje å gjera noko. Overgangen vart gjort frå 1. februar 2025.

Om Wattn.

Wattn tilbyr ein moderne kundeapp og bedriftsportal som gir deg full kontroll over straumforbruk og kostnader. I tillegg har dei eit breitt utval av produkt og tenester, inkludert fleire spennande løysingar som vi tidlegare ikkje har hatt moglegheit til å tilby. Wattn tilbyr framtidsretta produkt og tenester med fokus på smart teknologi og berekraftig utvikling.

Dei er også opptatt av å vera på lag med lokalmiljøet ved å vera synlege der. Dei legg også stor vekt på det grøne skifte og vil vera best på bærekraft i markedet. 

Wattn har òg gjennomfakturering med fleire nettselskap i Norge, slik at mange kunder kan få straum og nettleige på same faktura – ei praktisk og oversiktleg teneste som vi veit mange set pris på. 
Vi har hatt mange gode år som ein lokal straumleverandør, og vi vil takke for tilliten gjennom denne tida. 

Les meir Wattn her: https://wattn.no

Hemsedal Energi består i dag av Hemsedal Energi Eigedom AS som eig to bygg i Hemsedal og er 100 % eigd av Hemsedal kommune.