Etter pålegg frå myndigheitene skal alle målere skiftast ut til såkalla AMS målere innan 01.01.2019.

Hemsedal Energi er med på ein samla anskaffelse av AMS målere gjennom Nettalliansen. Leverandør er valgt og vi har lagt plan for utrulling.

Vi vil starte med dette i slutten av november 2016 og skal vera ferdig våren 2017.

Det er eit selskap som heiter OneCo som har tatt på seg oppdraget med monteringen. Alle vil bli kontakta av dei om når de vil få besøk av ein montør.

For oss er det svært viktig at montøren får tilgang til måleren når han kjem på besøk. Det vil vera montørar frå OneCo eller lokal montørar som blir innleigd. Hemsedal Energi skal også bruke eigne montørar.