Generelt:
Frå 1992 tok ny Energilov til å gjelde. Frå då av måtte ein skilje kraft og overføring – der sal av kraft vart konkurranseutsett og drift av overføringsnett vart monopol-regulert (ein ynskte ikkje fleire sett med kraftledningar eller kabler rundt om i landet). I grove trekk førte dette til lågare kraftpris (truleg fordi det vart produsert meir kraft enn ein nytta på denne tida – og dette vart meir synleg). I tillegg hadde det til ein viss grad vore overinvestering i overføringsnettet.

Konsesjonskraft og andelskraft – Hemsedal
Det er gjort fleire store naturinngrep i Hemsedalsnaturen for at ein skal kunne produsere kraft. Hemsedals-samfunnet har fått att noko for desse inngrepa i form av konsesjonsavgifter, konsesjonskraft og andelskraft.

Hemsedal Kommune har tilgang på noko ”rimeleg” kraft som følgje av dei store kraftutbyggingane som er gjort.

Dette består av konsesjonskraft (om lag 34 GWh) og andelskraft (om lag 20 GWh).

Hemsedal Energi forvalter denne krafta på vegne av Hemsedal Kommune.

Marknadskraftskogsh-081005-3 1200
Kraftomsetning er konkurranseutsatt og derfor fritt for alle kven ein vel å kjøpe kraft frå.

Hemsedal Energi Marked AS sel kraft til hustander, fritidseigedommar og næringsdrivande i Hemsedal. Vi prøver å vera konkurransedyktig på pris i et marked med mange aktører.

Kraftprisen endrar seg frå time til time og det er eit marked som styrer dette. Prisen blir sett kvar dag for det neste døgnet. Det er mange ting som påvirker kraftprisen blant anna mengde nedbør og temperatur. Norge er med i ein felles kraftbørs i Norden Nord Pool AS. Norge er delt opp i 5 prisområder (NO1 -NO5) Hemsedal er i NO5. Prisen kan variere frå område til område gjennom døgnet.

Spotpris
For å få ein oversikt over prisane på spot – følg linken og velg pris i norsk valuta. Hugs at til dette beløpet er ekskl. mva.

http://www.npspot.com/Market-data1/Elspot/Area-Prices/ALL1/Hourly/

Framandleverandørar
Det er fritt å handle kraft frå kven ein vil. Her er ein oversikt over andre kraftleverandørar i Hemsedal pr. november 2019.

Liste over kraftleverandørar i Hemsedal pr. november 2019:

 

Opprinningsgaranti – GRØNN kraft
Europa og Norge har et system med opprinnelsesgarantier som gjer at vi som forbrukarar kan velge å benytte fornybar energi ved at pengestraumen vert styrt til dei rette produsentene. Hvis vi ikkje reserverer straum fra fornybare kilder, risikerer vi å få ein uspesifisert miks.

Betalingen for den opprinnelsesmerka straumen går tilbake til kraftprodusentar som kun har fornybare kraftverk i sin portefølje. Dette er med på å sikre at pengane blir reinvestert i utvikling av fleire fornybare energiprosjekt, enten det er vatn, vind, sol, bølgjer eller tidevatn.

Hemsedal Energi AS kan levere kraft med opprinnelsesgaranti.