Hemsedal Energi AS har gått inn i ein allianse for lokale strømleverandørar.

Alliansen heiter Lokalkrafta. Sjå meir om alliansen på Lokalkrafta.no

Lokalkrafta vart starta opp av tre selskap Odda Energi, Hardanger Energi og Kvinnherad Energi.

Lokalkrafta skal vera ein allianse som skal ta vare på lokal kompetanse, arbeidsplassar og lokalsamfunna.

Det skal vera ein nasjonal markedsføringskanal for kraftleverandørar med lokal forankring.

Det skal nyttast sosiale media som facebook, snap og instagram, samt google.

Vi skal vera stolte av dei lokale verdiane og gje tilbake til lokalsamfunnet.