Fra og med 1. januar 2022 blir det innført ny prismodell for nettleige. Dette er bestemt av myndigheitene og skal gjelde for alle i heile Norge.

Formålet er å få jamna ut forbruket gjennom døgnet, slik at vi ikkje får dei høge forbrukstoppane. Då får vi utnytta straumnettet bedre.

Hemsedal Energi må også endre sin nettleigestruktur. Vi kjem til å følge same modell som majoriteten i bransjen.

Samla nettleige vil ikkje bli endra, for dette er strengt regulert frå myndigheitene. Det vil bli endring ved at dei som bruker straumen smartare vil kunne spare penger og dei som ikkje tilpasser seg kan risikere å måtte betale meir. Hovedforskjellen frå i dag er at fastdelen du betaler i dag blir bytta ut med eit kapasitetsledd.

Enkelt forklart vil du betale mindre dersom du har eit jamnt straumforbruk gjennom heile dagen, enn om du bruker det meste av straumen i løpet av nokon få timar.

Kvifor blir nettleiga endra?

Den nye modellen skal motivere til å bruke straumen smartare enn i dag. Teknologien skal hjelpe oss med dette og behov for utbygging av straumnettet vil kunne reduserast.

Dette er god samfunnsøkonomi og på sikt vil det kunne gi lågare nettleige.

Prisane for neste år vil vera klart i midten av desember.

https://vimeo.com/640080246/df79d5a242